Under nasjonalromantikken mot slutten av 1800-talet
skreiv Welhaven og Wergeland svulstige dikt der naturen var motivet.
Dikta deira hadde som mål å framheve ”det norske”, ”det ekte” og ”det
gode”, og bondekulturen var inspirasjonskjelda deira.
I overgangen mellom 1800-talet og 1900-talet kom mellom
anna Sigbjørn Obstfelder på bana med dikt som spegla framandkjensle og
uro. Samfunnet hadde utvikla seg frå å vere eit bondesamfunn med
optimisme og felles verdiar til eit samfunn der maskiner erstatta
menneska. Bondesamfunnet blei industrialisert, og menneska framandgjorde.
Lyrikarane var opptekne av dette.
1. og 2. verdskrig førte til at folk flest fekk eit
sterkare politisk engasjement, noko som òg viser seg i lyrikken den
første halvdelen av 1900-talet. Les meir
her.
Etter 1950 er det svært vanskeleg å seie noko generelt
om form og innhald i lyrikken.