[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Norsk > Sjangerlære > Lyrikk > Lyrikken og samfunnet

[Logg inn]


Innleiing
Kva er lyrikk?
Oppbygging
Kjenneteikn
Verkemiddel
Lyrikk før og no
Lyrikken og samfunnet
Litteraturperiodar
Welhaven
Obstfelder
Øverland
Sande
Hagerup
Vold
Forfattarlenkjer
Nokre dikt
Aktivitetar
   Lyrikken og samfunnet

Bokmål | Nynorsk

Ny side 2

Under nasjonalromantikken mot slutten av 1800-talet skreiv Welhaven og Wergeland svulstige dikt der naturen var motivet. Dikta deira hadde som mål å framheve ”det norske”, ”det ekte” og ”det gode”, og bondekulturen var inspirasjonskjelda deira.

Tidemand og Gude:  Brudeferd i Hardanger (1848)

I overgangen mellom 1800-talet og 1900-talet kom mellom anna Sigbjørn Obstfelder på bana med dikt som spegla framandkjensle og uro. Samfunnet hadde utvikla seg frå å vere eit bondesamfunn med optimisme og felles verdiar til eit samfunn der maskiner erstatta menneska. Bondesamfunnet blei industrialisert, og menneska framandgjorde. Lyrikarane var opptekne av dette.
1. og 2. verdskrig førte til at folk flest fekk eit sterkare politisk engasjement, noko som òg viser seg i lyrikken den første halvdelen av 1900-talet. Les meir  her.
Etter 1950 er det svært vanskeleg å seie noko generelt om form og innhald i lyrikken.