[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Norsksidene > Sjangerlære > Intervju > Kva er intervju

[Logg inn]


Kva er intervju
Kvifor lage eit intervju
Korleis forebu eit intervju
Korleis skrive eit intervju
Ingress
Tips og råd
Døme på intervju
Oppgåver
   Kva er intervju

Bokmål | Nynorsk

Intervju er noko ein ofte finn i aviser, og det er kort fortalt ein samtale mellom to personar der personane har ulike roller. Intervjuaren stiller ofte spørsmål, og den som vert intervjua, intervjuobjektet, svarer. Det finst fleire typar intervju, her viser vi nokre: 

·        Enkéten er det enklaste intervjuet der intervjuaren stiller det same spørsmålet til fleire personar. Det vert svart enkelt, og intervjuaren er heilt anonym. Slike intervju kjem ofte som ”Fem på gata”-spalter i aviser og liknande.  

·        Portrettintervjuet er meir enn ein samtale med spørsmål og svar. Dette er den mest omfattande intervjuforma, og gjev ofte ein grundig presentasjon av den som vert intervjua. Her kan det også kome opplysningar som ikkje nødvendigvis kjem direkte ut av spørsmåla. 

·        Saksintervjuet presenterer ei særskild sak eller hending og har den i framgrunnen. Intervjuobjektet vert spurd om denne saka, og ikkje om seg sjølv som person.  

·        Revolverintervjuet er eit intervju som ofte vert vist på fjernsynet. I eit revolverintervju har intervjuaren ein aggressiv måte å stille spørsmål på fordi han vil setje fast den som skal svare. 

Intervjuet har eit munnleg preg sjølv om det er ein nedskriven tekst. Ein møter replikkar og noko som vert kalla u-forma. Det er ei form som gjer at ein kan hoppe att og fram i tid, frå notid til fortid, og frå fortid til notid. Intervjuaren bestemmer sjølv korleis det skriftlege intervjuet skal sjå ut, og han er som sagt ikkje avhengig av kronologi.

Kronologi vil seie å ta det første først, og det siste sist. Det som derimot er veldig viktig, er at ikkje intervjuaren skriv noko intervjuobjektet ikkje har sagt. Ein skal berre skrive det som kjem fram i intervjuet, utan å leggje til noko. Det kan også vere greitt at intervjuobjektet får lese gjennom det ferdige intervjuet før du eventuelt publiserar det.