 |
Vender seg direkte til deg som lesar
ved å bruke ”du” og ”dykk”
|
 |
Skriv ”vi” og ”oss” for å få lesaren
til å føle at saka vedkjem dei
|
 |
Stiller spørsmål for å få deg til å
tenkje sjølv
|
 |
Stiller retoriske spørsmål –
spørsmål som det ikkje er naudsynt å svare på, men som fangar lesaren si
interesse.
|
|
Humor |
 |
Skrivaren
set ofte ting på spissen, overdriv eller seier noko uventa, som ikkje
stemmer heilt med det verkelege. Det er viktig å tenkje på målgruppa: Er det
ein tekst for alle, eller er det til ei bestemt aldersgruppe?
Hugs at ulike målgrupper har ulik humor. Prøv å avslutte kvart avsnitt
(underemne) med eit humoristisk og overraskande poeng – det som ofte vert
kalla ”punch-line”. |
|
Kontrastar |
 |
Ein
bruker ofte kontrastar for å setje ting opp mot kvarandre. Ein kan for
eksempel seie familien sitt svarte får, sidan sauer vanlegvis er kvite.
Eller ein set motsetnader opp mot kvarandre: vakker – stygg, snill – slem,
kjærleik – hat. |
|
Ironi |
 |
Når ein er ironisk seier ein ofte
det omvendte av det ein eigentleg meiner, men ein gjer det på ein slik måte
at andre skjøner at det ikkje er alvor. Skal du få fram at du ikkje meiner
det du seier, er det viktig at han eller ho som les/høyrer kjenner seg igjen
i situasjonen eller temaet. |
|
Overraskande tankesprang |
 |
Ofte
når ein skriv om eit emne eller tema får ein assosiasjonar til ting som har
noko med det ein skriv å gjere, og desse tankespranga er det lov til å ta
med.
Ein må likevel passe på å komme tilbake til der ein slapp. |