[Vis alt] Ressurssidene > (...) > Norsksidene > Sjangerlære > Kåseri > Verkemiddel

[Logg inn]


Kva er eit kåseri?
Verkemiddel
Overraskande vinkling
Tips
Oppgåver
Lenkjer
Elevtekst
   Verkemiddel

Bokmål | Nynorsk

Personleg skrivemåte

Vender seg direkte til deg som lesar ved å bruke ”du” og ”dykk”
 
Skriv ”vi” og ”oss” for å få lesaren til å føle at saka vedkjem dei
 
Stiller spørsmål for å få deg til å tenkje sjølv
 
Stiller retoriske spørsmål – spørsmål som det ikkje er naudsynt å svare på, men som fangar lesaren si interesse.
 

Humor

Skrivaren set ofte ting på spissen, overdriv eller seier noko uventa, som ikkje stemmer heilt med det verkelege. Det er viktig å tenkje på målgruppa: Er det ein tekst for alle, eller er det til ei bestemt aldersgruppe?

Hugs at ulike målgrupper har ulik humor. Prøv å avslutte kvart avsnitt (underemne) med eit humoristisk og overraskande poeng – det som ofte vert kalla ”punch-line”.

Kontrastar

Ein bruker ofte kontrastar for å setje ting opp mot kvarandre. Ein kan for eksempel seie familien sitt svarte får, sidan sauer vanlegvis er kvite. Eller ein set motsetnader opp mot kvarandre: vakker – stygg, snill – slem, kjærleik – hat.

Ironi

Når ein er ironisk seier ein ofte det omvendte av det ein eigentleg meiner, men ein gjer det på ein slik måte at andre skjøner at det ikkje er alvor. Skal du få fram at du ikkje meiner det du seier, er det viktig at han eller ho som les/høyrer kjenner seg igjen i situasjonen eller temaet.

Overraskande tankesprang

Ofte når ein skriv om eit emne eller tema får ein assosiasjonar til ting som har noko med det ein skriv å gjere, og desse tankespranga er det lov til å ta med.

Ein må likevel passe på å komme tilbake til der ein slapp.