Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk - gamle sider > Preposisjonar

[Logg inn]


Test

   Preposisjonar

Bokmål | Nynorsk

Her finn du nokre døme på preposisjonar:

  • av
  • bak
  • blant
  • etter
  • for
  • frå
  • gjennom
  • hos
  • i
  • innan
  • innanfor
  • med
  • mellom
  • mot
  • om
  • omkring
  • ovanfor
  • på
  • rundt
  • til
  • under
  • via
  • over
  1. Preposisjonar kan stå saman med substantiv, pronomen eller verb i infinitiv.
  • Ugla sat på greina.

  • Eg fekk ein kyss av deg.

  • Du er glad i å syngje.

  1. Dei kan fortelje kvar noko er:
  • Katten er under stabburet.
  1. Preposisjonar kan også fortelje om tid:
  • Før du kjem på skolen, bør du sjekke at du har fått med deg niste.
  1. Framfor dei fleste norske stadnamna nyttar vi i, men framfor ein del namn er på den rette preposisjonen frå gammalt. I dag er i på frammarsj og kjem inn også ved mange namn i den siste gruppa, særleg by- og tettstadnamn. Les meir om dette her.

  • Eg er i Oslo.
  • Katrine bur på Voss.
  1. Ein preposisjon er eit ord som ikkje kan bøyast.

  2. Preposisjonen og det ordet han står saman med, kallar vi preposisjonsuttrykk. 

  • Eg søv i senga.

  • Veslebror sit på golvet.