|
Dei fleste hankjønnsorda kan vi bøye slik:
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ubestemt form |
Bestemt form |
Ubestemt form |
Bestemt form |
| Ein gut |
guten |
gutar |
gutane |
 |
Hankjønnsord som endar på -nad, får som
hovudform -er og -ene i fleirtal. Det same gjeld
hankjønnsord som endar på -a. Sideforma er [-er] og [-ene]. Sjå desse eksempla:
|
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ubestemt form |
Bestemt form |
Ubestemt form |
Bestemt form |
| Ein bunad |
bunaden |
bunader |
bunadene |
| Ein sofa |
sofaen |
sofaer |
sofaene |
 |
I
Nynorskordboka vil du finne at nokre hankjønnsord har hovudform
med -er. Eksempel: Gjest, gjesten, gjester, gjestene.
Sideforma på slike hankjønnsord er [-ar ].
|
 |
Nokre hankjønnsord får omlyd og endinga -er:
|
|
Eintal |
Fleirtal |
|
Ubestemt form |
Bestemt form |
Ubestemt form |
Bestemt form |
| Ein fot |
foten |
føter |
føtene |
| Ein son |
sonen |
søner |
sønene |
| Ein far |
faren |
fedrar |
fedrane |
| Ein bonde |
bonden |
bønder |
bøndene |
Kan du prøve å finne ut kva som er forskjellen på
ungar og
ungarar?
Desse øvingane har Språkrådet laga:
|