[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Substantiv

[Logg inn]


Kjønn
Bøying
Hankjønn
Hokjønn
Inkjekjønn
Meir om kjønn

Konkret/abstrakt
Genitiv
Testar: Substantiv

   Substantiv

Bokmål | Nynorsk

Sjå NDLA si e-forelesing om substantiv.
Vi deler ord inn i grupper etter felles kjennemerke. Substantiv er namn på noko eller nokon.
Fellesnamn er ord du kan setje artiklane ein, ei eller eit framfor. Fellesnamn er namn på mange av same sort.

Eksempel:

  • ein gut

  • ei jente

  • eit hus

  • eit vennskap

  • ei interesse

Særnamn er verkelege namn som vi skriv med stor forbokstav.

Eksempel:

  • Helge

  • Julie

  • Førde

  • Volda

  • Afrika

  • Balder

Nokre substantiv fortel kva for land ein person kjem frå, for eksempel svenske, nordmann, spanjol. Desse substantiva skriv vi med liten bokstav.
Liten bokstav skal du òg bruke i namn på dagar, månader og høgtider.

Eksempel: måndag, påske, jul, januar, juli

Les meir om stor og liten forbokstav her.
Ord som er sette saman av fleire ord, skal til vanleg skrivast som eitt ord. Les meir her.
Finn substantiva.
Teksten er på bokmål. Kan du finne substantiva?