[Skjul] Ressurssidene > Fag > Norsksidene > Grammatikk > Ordklassar > Determinativ (bestemmarord) > Eigedomsord (possessiv)

[Logg inn]


Eigedomsord (possessiv)
Test: Eigedomsord
Peikeord (demonstrativ)
Mengdeord (kvantorar)
Testar
   Eigedomsord (possessiv)

Bokmål | Nynorsk

Eigedomsord bruker vi for å vise kven som eig noko. I nynorsk har vi desse eigedomsorda: min, din, hans, hennar, sin, dess, vår, dykkar, deira.

Eksempel:

  • Ballen vår hamna i nettet.

  • Han song i koret vårt.

  • De må teste skiene dykkar før skirennet i morgon.

  • Denne boka er mi.

Kvart eigedomsord kan vi bruke saman med eit personleg pronomen.

Eksempel:

  • Eg henta maten min.

  • Du gav bort sykkelen din.

  • Vi åt opp maten vår.

Hugs å bøye desse eigedomsorda etter kjønn og tal:
 
 

Eintal

Fleirtal
Hankjønn Hokjønn Inkjekjønn  
1. person min mi mitt mine
2. person din di ditt dine
3. person (refl.) sin si sitt dine
         
1. person vår vår vårt våre
3. person (refl.) sin si sitt sine


Eigedomsorda hans og hennar bøyer vi ikkje etter kjønn og tal.

Eksempel:

  • Det var notane hans som datt ned.

  • Det var guten hennar som rømde frå juleballet.

Kva er forskjellen?

  • Ho elskar kjærasten sin.

  • Ho elskar kjærasten hans.

Test: Eigedomsord